Fjalar!  Helse
HJEMHelse > Sykdommer > Seksuelle sykdommer >
Relateret tema
  - AIDS
  - Flatlus
  - Gonoré
  - Hepatitt B
  - HIV
  - Kjønnsherpes
  - Kjønnsvorter
  - Klamydia
  - Skabb
  - Soppinfeksjon
  - Syfilis
  - Trichomonas-infeksjon
  - Vaginose

Sponsede linker

Gymgrossisten
Gymgrossisten er Nordens største e-handelsplass for trening, mosjon, diett og kosttilskudd.

Kontaktlinser!
YourLenses selger kontaktlinser via internett i Norge, Sverige, Danmark og Tyskland.

Barn i magen fra A til Å
Boka tar for seg både tida før og etter du blir gravid, barseltida og de første ukene etter fødselen.

Proteinfabrikken
Proteinfabrikken er Norges største produsent og leverandør av kosttilskudd og sportsernæring.

LensWay
- Opp til 50% billigere kontaktlinser - Raske leveranser: 95% av alle ordre sendes innen 20 timer

Ønsker du å annonsere?
Klikk her!
Gynekologisk undersøking

Ei gynekologisk undersøking (GU) er ei undersøking av dei kvinnelege kjønnsorgana.


av Kristin Børve    Oppdatert 05.02.2013 13:34:04   

Del på Facebook
annonse

Det er aktuelt med gynekologisk undersøking dersom du har symptom eller plagar frå underlivet. Undersøkinga blir gjort for å vurdere, greie ut eller avkrefte mogeleg sjukdom. I samband med undersøkinga kan ein ta celleprøve av livmorhals, bakteriologiprøvar og prøvar av vev.

Alle kvinner mellom 25 år og 69 år, bør ta celleprøve frå livmorhalsen kvart tredje år.

Ein tek òg gynekologisk undersøking i samband med fødsel. Då gjer ein det for å undersøkje om livmorhalsen – som i samanheng med fødsel blir kalla mormunn – har starta modningsprosessen som teikn på at fødselen er i gang. Under ein gynekologisk undersøking på dette stadiet, kan jordmor/lege kjenne kor barnet er i fødselskanalen.


Førebuing til gynekologisk undersøking

Det krev ingen spesiell førebuing av deg når du skal til ein gynekologisk undersøking. Om du skal ta celleprøve under undersøkinga, er det ein fordel om du ikkje har menstruasjon.

Gruer du deg til å ta ein gynekologisk undersøking? Har du vonde opplevingar frå tidlegare, til dømes negative opplevingar knytt til seksualitet eller overgrep? Då kan du gi beskjed om dette til legen før undersøkinga, slik at de saman kan lage ein plan for å gjennomføre undersøkinga på ein måte som er best mogeleg for deg.


Undersøkinga

Ei gynekologisk undersøking blir som regel gjort i ein gynekologisk stol. Du må kle av deg alle klede på underkroppen før du sit deg i stolen. Under undersøkinga ligg du på rygg med beina i beinhaldarane. Jordmor/lege vil sitje eller stå mellom beina dine.

For å kunne utføre undersøkinga, brukar legen eit spekulum for å kunne sjå inn i skjeden. Eit spekulum er eit instrument av stål som liknar på eit andenebb. Spekulumet blir ført forsiktig inn i skjeden, og legen får ein god oversikt over skjeden og livmorhalsen din, og kan òg ta nødvendige prøvar. Deretter blir spekulumet fjerna, og legen vil då ofte undersøkje underlivet ditt med handa. Ved hjelp av to fingrar i skjeden og den andre handa på magen, kan legen undersøkje eggstokkane og livmoren din.

Det kan vere aktuelt å ta ein ultralydundersøking av dei indre kjønnsorgana (livmor og eggstokkar) i samband med ei gynekologisk undersøking. Då blir det brukt ein utralydprobe som er ein tynn “stav”, og denne blir forsiktig ført inn i skjeden.

Ei gynekologisk undersøking er sjeldan vondt, men nokon kvinner syns undersøkinga er ubehageleg. For at undersøkinga skal gå best og raskast mogeleg, er det viktig at du og den som undersøkjer deg samarbeider.

Din viktigaste oppgåve er å gi den som undersøkjer deg informasjon undervegs dersom du føler ubehag eller smerte. Eit godt råd er å prøve å slappe av og puste roleg under undersøkinga.

Ei gynekologisk undersøking kan vare i alt frå to til ti minuttar.


Resultat

Legen vil som oftast kunne fortelje deg med ein gong kva undersøkinga har vist. Svar på prøvar som blir teke, kan ta alt frå eit par dagar til nokon veker, avhengig av kva slags prøvar det er. Svara blir som regel sendt til tilvisande lege, som regel fastlegen din. Du må da ta kontakt med fastlegen din for å få svara, om ikkje anna er avtalt.

Kilde:www.helsedirektoratet.no


ANNONSE
Annonser

 

Sett som startside | Legg i favoritter

Copyright © 2000 - 2017

Informasjon du finner på Fjalar sine nettsider erstatter ikke konsultasjon med lege eller annet kvalifisert medisinsk personell og har ikke forebyggende, helsebevarende eller rehabiliterende mål. For en sikker vurdering av medisinske problemstillinger, bør du rådføre deg med din kontaktperson innen helsevesenet.